Oppdatert: 9. okt. 2019
"Omstilling var nødvendig"
Vi hadde ein periode det aller meste av produksjonen knytt til nybygde offshorefartøy. Som så mange andre bedrifter har også Dalen måtte føreta ei omstilling, både med tanke på arbeidsstokk og tenester.
– I dag er vel ein fjerdedel av produkta vi overflatebehandlar knytt til ettermarknaden og dette er eit område vi vil satse på i framtida. Produkt knytta til nybygg og offshorenæringa er likevel framleis viktige bransjar for oss og vi har alle nødvendige ISO sertifikat for å vere leverandør til desse næringane, desse stiller blant anna høge krav til kvalitet og levetid på malingssystema.
– Vi har og fått fotfeste innan interiørmaling i cruisenæringa, og har i sving eit prosjektteam ved Kleven på den nye ekspedisjons-hurtigruta Roald Amundsen. Vi har gode forhåpningar til denne satsinga, ikkje minst med tanke på den aukande satsinga på cruise-segmentet for verfta på Nordvestlandet. Vi ser også større muligheter innenfor fiskeri- og havbruksflåten